Ord og uttrykk på hittermål
Boka får du kjøpt i museumsbutikken til Kystmuseet i Sør-Trøndelag. Bestilling sendes til kystmuseet.post@mist.no.
Arnfinn Magnus Aune har gjennom mange år vore ein aktiv samlar av ord og seiemåtar brukt på Hitra. Ordforrådet er spesielt velutvikla for naturfenomen som vêr og vind, og omtale av personar, også skjellsord/kallsmål. I tillegg til ordsamlinga inneheld denne boka eit gjensyn med fire artiklar som Aune tidligare har skrive for Årbok for Fosen.
Arnfinn Magnus Aune (fødd 1934) er ein kulturberar på Hitra. Han har gjennom mange år vore ein aktiv samlar av ord og seiemåtar på hittermål. Arnfinn voks opp i eit miljø der rik og god bruk av talemål vart sett høgt. Han kjenner såleis hittermålet til botns, i alle fine nyansar.
Først og fremst er det fiskarbondens ordforråd vi møter. Vi blir med i gardsstellet, i tømmer- og vedskogen og ikkje minst på sjøen, med det rike ordforrådet for allslags arbeidsprosessar og reiskapar.
Ordforrådet er spesielt velutvikla når det gjeld alt som har med vêr, vind og allslags naturfenomen å gjera. Typisk er også personkarakteristikkar – og særlig mange av dei negative. Arnfinn bruker ordet kallsmål om skjellsord og kallenamn på folk. For den som vil friske opp kallsmål-repertoaret sitt er det mykje å ta av her.
I tillegg til ordsamlinga inneheld denne boka eit gjensyn med fire artiklar som Aune tidligare har skrive for Årbok for Fosen.
Tor Erik Jenstad (fødd 1956), dr.art. i nordisk språkvitskap og ordbokredaktør ved Språksamlingane, Universitetet i Bergen.
Svein Bertil Sæther (fødd 1951), cand.philol. i historie, no pensjonert museumsdirektør og faglitterær forfattar.
- Utgitt: November 2024
- ISBN: 9788283051711
- Antall sider: 272
- Format: 17 x 24 cm
- Innbinding: Myk perm