Arnfinn Magnus Aune (fødd 1934) er ein kulturberar på Hitra. Han har gjennom mange år vore ein aktiv samlar av ord og seiemåtar på hittermål. Arnfinn voks opp i eit miljø der rik og god bruk av talemål vart sett høgt. Han kjenner såleis hittermålet til botns, i alle fine nyansar.