Namn langs Orkla

Namnehistorie frå Orkelsjøen til Orkedalsøren

kr 390,00

Boka omtalar eit utval stadnamn i Kvikne, Rennebu, Meldal og Orkdal. Med utgangspunkt i eitt enkelt namn rullar Stian Hårstad og Ivar Berg opp historia til språkstoffet og set det i samanheng med allmennhistoria. Boka er illustrert med historiske og nye bilde.

Ei aktuell bok for alle med interesse for norske dialekter og stadnamn!

Produktnr: 9788283051025 Kategorier: ,

Orkla utgjer sjølve livåra i eit gammalt kulturlandskap, og stadnamna omkring elva gjev oss verdifulle innblikk i dei fellesskapane som har levd og verka her gjennom tidene. Denne boka byr på ei reise i tekst og bilde nedetter Orkladalen, frå Orkelsjøen på høgfjellet til osen i Orkdalsfjorden. Undervegs stoppar vi opp og ser nærare på noko av det store namnemangfaldet.

Stadnamna er merkelappane folk har bruka for å orientere seg i landskapet. Med utgangspunkt i eit utval namn av mange slag – bygder, gardar, elvar og mindre stader – greier forfattarane ut om opphav og tyding og set namna i samband med allmennhistoria. Lesaren kan møte kjende og ukjende stader og lære meir om dialekt, kvar namna kjem frå, og korleis norsk heng saman med andre språk.

Båe forfattarane har vakse opp nokre steinkast frå Orkla og arbeider som professorar i nordisk språkvitskap på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Ivar Berg (fødd i Meldalen i 1982) har arbeidd særleg med eldre språkhistorie, mens Stian Hårstad (fødd i Rennebu i 1977) har skrive mest om språkforhold i moderne tid.

Forfatterne inviterer leseren med på en klukkende, sildrende, rennende, fossende, brølende tur langs livsnerven vår innlagt besøk på gårder, småbruk, villabruk og industri – ei reise i lokalhistorie og navn- og språkhistorie.  A.M. Svinsaas, Meldal.no

  • Utgitt: Oktober 2021
  • ISBN: 9788283051025
  • Antall sider: 196
  • Format: 22,3 x 23 cm
  • Leveringstid: 2-5 virkedager
  • Innbinding: Hard perm

Dag og Tid 27.05.22

Meldal.no 07.12.21

Meldal.no 26.11.21

Avisa Opp 21.11.21 (betalingsmur)

Bokstaver.no 29.10.21