Ivar Berg

Ivar Berg er professor i nordisk språkvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og forskar på korleis norsk språk har utvikla seg gjennom historia. Ved sida av lærebøker og populærvitskaplege framstillingar har han skrive ei rekkje vitskaplege artiklar om ulike sider ved norsk språkhistorie. 

Foto: NTNU

Orkla utgjer sjølve livåra i eit gammalt kulturlandskap, og stadnamna omkring elva gjev oss verdifulle innblikk i dei fellesskapane som har levd og verka her gjennom tidene. Denne boka byr på ei reise i tekst og bilde nedetter Orkladalen, frå Orkelsjøen på høgfjellet til osen i Orkdalsfjorden. Undervegs stoppar vi opp og ser nærare på noko av det store namnemangfaldet.

Stadnamna er merkelappane folk har bruka for å orientere seg i landskapet. Med utgangspunkt i eit utval namn av mange slag – bygder, gardar, elvar og mindre stader – greier forfattarane ut om opphav og tyding og set namna i samband med allmennhistoria. Lesaren kan møte kjende og ukjende stader og lære meir om dialekt, kvar namna kjem frå, og korleis norsk heng saman med andre språk.

Båe forfattarane har vakse opp nokre steinkast frå Orkla og arbeider som professorar i nordisk språkvitskap på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Ivar Berg (fødd i Meldalen i 1982) har arbeidd særleg med eldre språkhistorie, mens Stian Hårstad (fødd i Rennebu i 1977) har skrive mest om språkforhold i moderne tid.

Bøker og utgivelser

Bilde av forsida av boka Namn langs Orkla

Namn langs Orkla

Namnehistorie frå Orkelsjøen til Orkedalsøren

kr 390,00
Kjøp nå