Skodjesoga. Bind 1

Skogbygder i fjordlandskap

kr 490,00

Skodjesoga tek føre seg historia til tidlegare Skodje kommune, som i 2020 vart ein del av nye Ålesund kommune. Band 1 fortel om den lange historia til Skodje, frå dei første menneska fann vegen hit i steinalderen og heilt fram til moderniseringa av samfunnet for alvor tok til å omforme grendesamfunna på slutten av 1800-talet.

Produktnr: 9788283050820 Kategorier: ,

Folk i Skodje var bønder og fiskarar, men det var skogen som særmerkte Skodje og gav grendene her ein eigen identitet i eldre tid. Nærleiken til den skogfattige kysten gjorde at det fanst ein lett tilgjengeleg marknad både for tømmer, ved og tjøre, etter kvart også for tønner, kasser og andre handverksprodukt.

Etter folketapet under svartedauden og påfølgjande pestepidemiar i seinmellomalderen opplevde Skodje ein makelaus vekst på 1500-talet og i første delen av 1600-talet. Jord vart lagd under plogen, gardar rydda, og grender vaks fram. Det var òg i denne perioden trelasteksporten knytte grendene i Skodje til internasjonale handelsnettverk. I spenninga mellom lokale føresetnader og ytre impulsar vart Skodje-samfunnet forma. Etter ein meir stabil periode i siste delen av 1600-talet og på 1700-talet skaut utviklinga på ny fart på 1800-talet, med folketalsauke, næringsutvikling og indre samfunnsvekst. Nærleiken til byen Ålesund skapte opningar for nye næringar, samstundes som den lokale samfunnsstyringa og kulturlivet fekk ei ny retning i møtet mellom bygdetradisjonar og allmenne straumdrag i samtida.

Skodjesoga i to band vart mogleg etter at Skodje sogelag fekk testamentert ein arv etter Olav Løvold (1910–2004). Tidlegare Skodje kommune har bidratt økonomisk, slik at sogelaget kunne engasjere Historisk institutt ved Høgskulen i Volda til å ta på seg prosjektet. Faghistorikarane Eldar Høidal ved stiftinga Viti (tidlegare Musea på Sunnmøre) og Harald Johannes Krøvel ved Høgskulen i Volda fekk oppdraget med å skrive bygdesoga.

 

 

 

 

  • Utgitt: Oktober 2021
  • ISBN: 9788283050820
  • Antall sider: 348
  • Format: 23,7 x 28,4 cm
  • Leveringstid: 2-5 virkedager
  • Innbinding: Hard perm

Heimen nr. 4/2023

Bygdebladet 29.10.21 (betalingsmur)

Sunnmørsposten 25.10.21 (betalingsmur)

Bygdebladet 13.08.21