Uvdal stavkyrkje
Historia kring eit gudshus gjennom tusen år
kr 550,00
Uvdal stavkyrkje er ei av dei mest autentiske stavkyrkjene, og talar om kontinuitet i over 850 år. Kyrkja er særleg kjend for vakker innvendig dekormåling og eit av landets fremste smijarnsbeslag på vestdøra. Gjennom hundreåra var dette bygget eit midtpunkt i tilværet for folket i Uvdal. Tru, ritual og tradisjonar har i 850 år sett avtrykk i bygget – og i samfunnet. Rikt illustrert.
Uvdal stavkyrkje fascinerer tusenvis av besøkande kvart år. Ho er ikkje av dei største eller mest avanserte stavkyrkjene, men ho er ei av dei mest autentiske. Heile livshistoria til kyrkja er bevart – frå mellomalderen til vår tid.
I denne boka får stavkyrkja fortelje si eiga historie. Det er ei forteljing om kontinuerleg bruk. Gjennom hundreåra var dette bygget eit midtpunkt i tilværet for folket i Uvdal. Tru, ritual og tradisjonar har i 850 år sett avtrykk i bygget – og i samfunnet.
Slik blir den vesle kyrkja ein portal inn i den norske kulturhistoria. Forteljinga hennar blir noko meir enn soga om ei einskild fjellbygd. Dei aller fleste nordmenn budde på små stader som Uvdal. Over tusen trekyrkjer knytte desse menneska saman i ulike fellesskap; med kvarandre, med Gud og forfedrane, og med Nidaros og Roma, ei landsomfattande og verdsvid kyrkje.
Forfattar Bjørn Ole Hovda har doktorgrad i kyrkjehistorie frå Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.
- Utgitt: November 2025
- ISBN: 9788283051773
- Antall sider: 576
- Format: 17,8 x 24,6 cm
- Leveringstid: 2-5 virkedager
- Innbinding: Hard perm
Laagendalsposten 10.12.25 (betalingsmur)
