Trønderveven 2021

Tema: Skolehistorie

  • Aud Mikkelsen Tretvik (red.)

kr 250,00

Skolehistorie og skolen i museumsformidlinga er gjennomgangstema i denne årboka til Sverresborg Trøndelag Folkemuseum og Sør-Trøndelag Historielag. Dei ulike bidraga dekker mange forskjellige skoleslag, alt frå allmugeskolar i byen og på landet til lærarseminar, landsgymnas, folkehøgskole og Døveskolen i Trondheim, som var den første spesialskolen i landet. Skolen i museumsformidlinga blir opplyst med døme frå Sverresborg Trøndelag Folkemuseum og skolemuseet i Råbygda i Skaun.

Produktnr: 9788283051261 Kategorier: , ,

Skole og opplæring har vore ein berebjelke i demokratiutviklinga. Kunnskap og ferdigheiter i ulike fag har gitt barn og unge grunnlag for å bli aktive samfunnsborgarar. Allmugeskolen i Noreg går heile 280 år tilbake i tid, og hundre år seinare kom den organiserte opplæringa for lærarar. Folk med funksjonsnedsetting fekk lovfesta rett til opplæring i 1881, 140 år etter at allmugeskolen vart innført. Latinskolar hadde eksistert i byane frå mellomalderen. På tidleg 1900-tal kom landsgymnasa. Folkehøgskolane vart etablerte i andre del av 1800-talet. Alle desse skoleslaga finn vi representert i den trønderske skolehistoria.

Innhold
Aud Mikkelsen Tretvik: Skole og utdanning i Trøndelag
Terje Bratberg: Norsk skolehistorie og et enestående historisk skolemiljø
Trine Elise Gjermstad og Lene Serine Strøm: Formidling av skolehistorie ved Sverresborg Trøndelag Folkemuseum
Hallgerd Aune: Skulegang i Råbygda – frå omgangsskule til skulemuseum
Hanna Mellemsether: Døveskolen i Trondheim – Norges første spesialskole
Ivar Skei: Klæbu seminar – et pedagogisk sentrum i Norge
Grete Ræder Østby: Follo-minne. Oppvekst og skolegang ved Orkdal off. landsgymnas 1946–1964
Åsmund Snøfugl: Folkehøgskulen i Gauldalen
Forfatterne
Årsmelding 2018
Årsmelding 2019
Årsmelding 2020

  • Utgitt: Desember 2021
  • ISBN: 9788283051261
  • Antall sider: 146
  • Format: 17,7 x 24 cm
  • Leveringstid: 2-5 virkedager
  • Innbinding: Myk perm med klaffer