Nordfjord Folkemuseum i hundre år

  • Anne Kristin Moe (red.)

kr 390,00

Nordfjord Folkemuseum er regionmuseum for Nordfjord og ein del av Musea i Sogn og Fjordane. Boka feirar dei fyrste hundre åra til museet og inneheld artiklar om mange av bygningane på museet og nyskrivne artiklar om historia til museet og om sentrale personar som har prega henne.

Produktnr: 9788283051216 Kategorier: , ,

Nordfjord Folkemuseum er regionmuseum for Nordfjord og ein del av Musea i Sogn og Fjordane. I 1915 vart Nordfjord Folkemuseum formelt stifta, og fem år seinare opna eit lite friluftsmuseum for publikum, med seks bygningar i Åsen på Sandane i Gloppen. I 1960-åra vart bygningane flytta til eit større område, Jølet, der museet held til i dag. Bygningssamlinga har vakse til over førti hus frå det førindustrielle bondesamfunnet.

I denne boka har vi samla artiklar om mange av bygningane. Dei er skrivne av folk med tilknyting til den aktuelle bygningen, anten som innbyggar eller som forvaltar. Her er både bygning- og bebuar-historier, tradisjonar kring bruk av uthus, landskap og ressursar. Dei fleste artiklane er tidlegare publiserte i lokalhistoriske skrift. Her er dei samla og presenterte saman med nyskrivne artiklar om historia til museet og om sentrale personar som har prega henne.

  • Utgitt: November 2021
  • ISBN: 9788283051216
  • Antall sider: 320
  • Format: 16,2 x 22,6 cm
  • Leveringstid: 2-5 virkedager
  • Innbinding: Hard perm

Firda Tidend 03.12.21