Margrethes oppskrifter

Samla av Margrethe Schjødt Mørch Parelius Lund i 1820-åra

  • Svein Bertil Sæther (red.)

kr 450,00

I 1826 skal Margrethe Schjødt Mørch Parelius frå handelsstaden Hopsjøen på Hitra snart gifte seg. Gjennom det unge livet sitt har ho samla oppskrifter og andre nyttige råd, og no skriv ho dei inn i ei skinninnbunden lita bok. To hundre år seinare blir oppskriftsboka gitt i gåve til Kystmuseet i Sør-Trøndelag. Svein Bertil Sæther har tolka og tilpassa oppskriftene, og i tillegg er fleire av oppskriftene prøvde ut og oppdaterte av lærarar i restaurant- og matfag på Guri Kunna videregående skole. Boka er rikt illustrert.

Forhåndskjøp nå. Kommer i august 2026.

Produktnummer: 9788283051971 Kategorier: , ,

I 1826 er Margrethe Schjødt Mørch Parelius frå handelsstaden Hopsjøen på Hitra 24 år gammal. Ho skal gifte seg om eit års tid, og no gjer ho seg klar for ei ny rolle i livet sitt. Snart skal ho styre hus og heim, bli husmor og ta ansvar for maten, kleda og alle store og små gjeremål som ei 1800-talskvinne må klare ut med.

Margrethe finn fram ei skinninnbunden lita bok og fyller dei blanke sidene med oppskrifter som ho gjennom det unge livet sitt har samla og tatt vare på. Det meste handlar om mat og matlaging, men ho skriv også om farging av garn og tøy og fører inn nyttige råd av ulike slag.

To hundre år seinare blir oppskriftsboka gitt i gåve til Kystmuseet i Sør-Trøndelag, og no kjem oppskriftene til Margrethe for første gong i trykt utgåve. Svein Bertil Sæther har tolka og tilpassa oppskriftene, og i tillegg er fleire av oppskriftene prøvde ut og oppdaterte av lærarar i restaurant- og matfag på Guri Kunna videregående skole. Boka er rikt illustrert.

Innholdsfortegnelse og forord

  • Utgitt: Kommer i august 2026
  • ISBN: 9788283051971
  • Leveringstid: 2-5 virkedager
  • Innbinding: Hard perm