Eidsborgbryne

Utmarksressurs og handelsvare i vikingtid og mellomalder. Vikingvegen 1

  • Kjetil Loftsgarden og Dag Rorgemoen (red.)

kr 390,00

Den storstilte utvinninga av brynestein i Noreg var tett samanvoven med den samfunnsøkonomiske utviklinga, både regionalt og nasjonalt. Det fyrste Eidsborgseminaret tok føre seg brynestein i Telemark i yngre jernalder, og i denne boka omtalar og vidareutviklar forfattarane viktige tema frå seminaret.

Produktnummer: 9788283051377 Kategorier: , ,

Den storstilte utvinninga av brynestein i Noreg var tett samanvoven med den samfunnsøkonomiske utviklinga, både regionalt og nasjonalt. I yngre jernalder, og særleg i vikingtida (ca. 800–1030 e.Kr.), blei regional spesialisering, overskotsproduksjon og handel stadig meir utbreidd.

Dei seinare åra har ein fått større forståing for kva innlandet og utmarksressursane hadde å seie for utviklinga som leidde fram til vikingtida, og seinare til framveksten av det nasjonale kongedømet. Utan jern, tjøre, brynestein, ull, horn, skinn og pelsverk ville ein ikkje hatt føresetnader for oversjøisk handel, hegemoni på havet eller militær makt.

Difor baud Vest-Telemark Museum, Vestfold og Telemark fylkeskommune og interesseorganisasjonen Vikinger i Vestfold og Telemark inn til det fyrste Eidsborgseminaret i 2021. Seminaret tok føre seg vikingtid og tidleg mellomalder i Eidsborg og Vest-Telemark. Målet var å få betre oversikt over kva ein veit, og vidare avdekkje kvar ein bør setje inn den vidare forskingsinnsatsen. Artiklane i denne boka tek føre seg og vidareutviklar viktige tema frå seminaret.

Kjetil Loftsgarden er fyrsteamanuensis på Kulturhistorisk Museum ved Universitetet i Oslo. Loftsgarden har skrive ei rekkje artiklar og redigert fleire bøker. Hovudtyngda av forskingsarbeidet hans ligg på jernframstilling og korleis innlandsressursane blei integrerte i den nasjonale og internasjonale økonomien i vikingtida og mellomalderen.

Dag Rorgemoen er direktør ved Vest-Telemark Museum. Han har gjennom virket sitt arbeidd med mange sider av historia til regionen, også med eidsborgbryne. Dette har han fyrst og fremst gjort gjennom utstillingsarbeid,  formidling og føredrag, men også gjennom støtte til arkeologar og geologar. Interessa for denne historia er stor, og det er behov for å auke kunnskapen om denne innlandsressursen og den rolla øvre Telemark har spela.

  • Utgitt: Oktober 2022
  • ISBN: 9788283051377
  • Antall sider: 180
  • Format: 17 x 24 cm
  • Leveringstid: 2-5 virkedager
  • Innbinding: Myk perm