Øystein Lydik Idsø Viken
Øystein Lydik Idsø Viken har doktorgrad i historie frå Universitetet i Oslo, på ei avhandling om kyrkja si rolle i statsstyret mellom 1720 og 1814. Hans spesiale er politisk historie og idéhistorie, og han har skrive artiklar om politisk kultur, sosial makt og utvikling av offentlegheita. Som redaktør i Norgeshistorie.no, Allkunne og Store norske leksikon har han jobba mye med allmennretta historieformidling, og gjennom fleire artiklar og innlegg har han formidla norsk historie frå forhistorisk tid til i dag for eit breitt publikum.
Foto: Steinar Johansen